MENINGER//

«Bruk mindre tid på å måle, meir tid på å lære»

«Når blei det slik at kvar amatør med handicap 10 til 36 og nyinnkjøpt laserkikkert trur han er på veg til touren?» spør en leser.

«Dei fleste amatørar har verken stabil nok teknikk eller nok presisjon til at det verkeleg spelar noka rolle om flagget står 132 eller 136 meter unna,» skriver Norsk Golf-leser Rune Follnes i dette leserinnlegget. Personen på illustrasjonsbildet har ingenting med saken å gjøre.

Dette er et leserinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentenes mening. Ønsker du å sende inn innlegg selv? Send oss e-post på redaksjon@norskgolf.no

Kjære redaksjon – eit innlegg og eit sukk

Golf er ein fantastisk sport som kombinerer natur, teknikk og kameratskap. Men i ei tid der teknologien har invadert dei grøne flatene, er det verdt å stille eit spørsmål: Når blei det slik at kvar amatør med handicap 10 til 36 og nyinnkjøpt laserkikkert trur han er på veg til touren?

Det er ikkje uvanleg å sjå ein spelar dra fram laseren frå beltet som ein cowboy i solnedgang, peile seg inn mot flagget, justere vinkelen, ta ein ny måling «for sikkerheits skuld», og så slå ballen – gjerne langt ut i roughen. Dette tek gjerne eitt minutt. Høyrest kanskje ikkje så ille ut? Men multipliser det med fire spelarar i ein flight, og du har brukt fire minutt – per hol – berre på lasermålingar. Over 18 hol blir det over ein time med laserfikling.

For kven sin del? Dei fleste amatørar har verken stabil nok teknikk eller nok presisjon til at det verkeleg spelar noka rolle om flagget står 132 eller 136 meter unna. Forskjellen på resultatet ligg sjeldan i avstanden – men i svingen.

Kanskje det mest presise verktøyet for ein hobbygolfer er ei god kjensle for spelet, og ei enkel tommelfingerregel: Bruk mindre tid på å måle, og meir tid på å lære.

Rune Follnes

Powered by Labrador CMS